Innbundet

Eit menneske er inga øy

Dikt og prosa gjendikta av Åsmund Bjørnstad

John Donne

kr 289

Ikke på lager

Mer info om boka +


For fyrste gong kjem det ei større samling av diktinga til John Donne på norsk, i gjendiktning ved Åsmund Bjørnstad. John Donne (1572-1631) er mest kjent for kjærleiksdikt og erotiske dikt, som vekslar mellom det ekstatisk reine og det tvitydig blanda. Han henta bilete frå den nye vitskapen, heilt ulikt diktinga i renessansen, og let assosiasjonane styre verseliner og rim. Desse moderne draga gjorde at modernistane på 1900-talet gav Donne ei ny blømingstid, og han er i dag rekna som den fremste engelske poeten mellom Shakespeare og Milton.
John Donne er òg ein stor religiøs diktar, og hans religiøse sonettar og prosameditasjonar har ein sentral plass i engelsk dikting.

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x