Handlekurv


Innbundet

Kjærleik og det som liknar

Therese Tungen

kr 349

Mer info om boka +


I Kjærleik og det som liknar tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen.

Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.


Sagt om Kjærleik og det som liknar

«Therese Tungens noveller er lange og langsame, men held på nerven tvers gjennom. Novellene har klassiske kvalitetar, med konkrete situasjonar som opnar for innsikt i mellommenneskelege eller eksistensielle forhold. ... Tungen skriv svært stødig og sjølvsikkert, med tiltru til eigne evner og eit uredd forhold til tradisjonen. Det er eit finstemt nærvær og eit bevegande alvor i Tungens noveller. Dei er nære, men ikkje klamme, og stilsikre utan å bli glatte. ... Therese Tungen må ha late seg påvirke av Alice Munro.» Eivind Myklebust, Klassekampen

«Therese Tungen høstet lovord for sin første novellesamling. Med Kjærleik og det som liknar befester hun sin posisjon.» Turid Barth Pettersen, Vårt Land

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x