Pocket

Tidslys

Helge Torvund

kr 279


Alternative utgaver

Ebok

kr 199

Mer info om boka +


TIDSLYS er nettopp det - dikt om tida sitt lys. Om samspelet mellom desse grunnleggjande elementa i kvardagen. Samtidig er det ei bok om livsalvoret. Det har vorte sagt om Helge Torvund at han skreiv mindful poesi lenge før omgrepet vart introdusert her i landet. Også i denne samlinga er ei slik vaken merksemd sentral.
Lesaren får leva med i det å vakna på Jæren eller i Yorkshire, og i det å velja livet, - igjen og igjen. I dikt fulle av ro, - og av uro. Dikt med pågangsmot - og avmakt.
Fleire dikt er studiar nettopp i det som er i live; dyr, plantar og ikkje minst poeten sjølv. Kvardagssyn og søndagssansingar, tidsoppleving og lyserfaring.
Vel har dei fleste åra kome og gått, men våren er jammen frekk nok til å dukka opp her på ny. Ja, ja, kva gjer vel det? Poeten er jo ennå i live - i livet. Alt det som spelar seg kring han og i han, i moll og i dur.





Sagt om Tidslys

Nok en bok fra Aschehoug med terningkast fem

«Ein av dei største kvalitetane ved Torvund er hans evne til å halda seg vaken og var for livsunderet, den verdsveven som var der lenge før Google. Han høyrer, luktar, smakar, kjenner og ser - audmjukt og reflekterande - og noterer samvitsfullt. (…) Om eg nokon gong skulle underlagt meg hypnose, trur eg at eg ville gått til Torvund (…) Dikta hans syner i alle fall korleis han hentar skattar opp frå djupet og granskar dei i fullt og mildt dagsljos, ærleg og uredd.» Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad

«Ein kan lese Tidslys som ein lyrisk freistnad på å drive det umoglege sin kunst. (…) Ein finn så mykje her. Ein finn glede, sorg og innlysande, enkle vers som dette: «å kunne letta / og la tyngda falla». Sindre Ekrheim, Dag og Tid

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x