Handlekurv


Innbundet

Dikt i samling (1968-2018)

Eldrid Lunden

kr 399

Forventet på lager 28.06.2019

Mer info om boka +


Eldrid Lundens forfattarskap står i ei særstilling i norsk lyrikkhistorie. Sidan debuten i 1968 har ho gjeve ut elleve diktsamlingar som kan lesast som ein vedvarande refleksjon over menneskelege grunntilhøve. Her er eit stort poetisk nærvær og ofte handlar det om kvinnelege erfaringar i både personleg og historisk perspektiv.

Den nyaste diktsamlinga, 'Det er berre eit spørsmål om tid' (2018), krinsar rundt spørsmål om nærvær og død. Boka viser fram den mjukare sida av forfattarskapen. Også her går Lunden i dialog med tenkjarar frå historie og samtid, og gjer dei akutt levande og aktuelle for oss. Det er denne kombinasjonen av - ofte overraskande - tankeperspektiv og visuell klårleik, utført med ein sjeldan språkleg presisjon, som gjer skrivestilen til Lunden unik og til ei sjeldan lesaroppleving.

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x