Handlekurv

Rikard Ingdal - Hogst

18.01.2016 11:30

Korleis skal ein finne ut kven ein er, når ætta er stum for anna enn fablar og alle i bygda teier? I Hogst snakkar ingen rett ut, dei går krokvegar, og dei fører ofte til galne stader. Debutboka til Rikard Ingdal er eit skjebnedrama frå den fåmælte norske bygda.

Rikard-Ingdal

Debutboka til Rikard Ingdal er eit skjebnedrama frå den fåmælte norske bygda.

Sjølv om vi møter hovudpersonen Gorm i opninga av romanen, er det naturen som rår allereie i første setning. For Gorm er liten mellom trea, medan skogen er svær, fjella større og himmelkvelvingen ruvande. Gorm gjer berre som far sin og far hans igjen, han høgg tre. Heilt frå han var barn, har han vore med faren i skogen. Men det er ikkje alltid trea fell rette vegen. Krefter bryt imot einannan. Her er det treet mot mannen, faren mot sonen. Naturen lèt seg ikkje temme, lèt seg ikkje styre, verken naturen utanfor eller inni.

>> Les om alle utgivelser våren 2016

Heile livet har Gorm vore uvitande om det som har gått føre, faren og folk i bygda har alltid tagt når han spurde. Tala dei, så var det enten i gåter eller i tunger. Trass i togna driv det gamalt agg om ætt og arv imellom trea. No er faren til Gorm nett død, og han fattar at han aldri verkeleg har kjent han. Gorm veit kva faren meinte om vêr og vind, om å felle tre og stable ved. Han veit han var i strid om grensene til eigedomen, og at han var rask til å kalle sitt det som høyrde andre til. Men han kjenner ikkje historia til faren, korleis han var som gut, korleis han møtte mora, kva han tenkte om kjærleik, om han nokon gong gret. Og korleis skal Gorm kunne forstå seg sjølv når han ikkje kjenner historia han er fødd inn i?

«Menneske, kjenn deg sjølv», var allereie langt tilbake skrive inn på tempelporten til orakelet i Delfi, det får vi høyre om i dei gamle greske mytane. Menneska i mytane vart styrt av skjebnen, men guddommeleg hjelp kunne kome, sjølv om lagnaden var uavvendeleg. I Hogststår mennesket heilt aleine. I familien til Gorm og på garden i skogen under fjella finst ingen gud, berre natur. Og I djupet av naturen rår mørket. I djupet av familien rår einsemda.

Hogst handlar om ein mann som veltar under byrda av det han anar, men ingen vil seie.

Om Rikard Ingdal

Rikard Ingdal (f. 1990) er oppvaksen på ein gard i Agdenes i Sør Trøndelag, han har ein master i estetiske studiar og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo.  Hogst er den første boka hans. 

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x