Tungen skriv om menneske som på ulike vis møter noko nytt og ukjent i liva sine i novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Ho utforskar kva som skjer når uventa ting skjer i livene til folk. Korleis skal ein fortsette når alt rundt ein endrar form? Kva gjer til dømes tre ungar åleine i ei leiligheit midt i jula, mor er borte og straumen forsvinn?
Tungen debuterte i februar 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Ei stilsikker samling med seks noveller som viser eit breitt register.
Den første novella, «Flaumen», startar slik: «Det hadde regna og tora i ti dagar. Husa rundt hans stod tome og mørke, og fukta la seg som eit lag på huda og gjorde det tungt å puste.» Denne uroa vi finn her pregar heile samlinga.
→ Store ting i en liten tekst. Therese Tungen i samtale med Roskva Koritzinsky og Thorbjørn Harr.
Novellesamlinga er ført i eit medrivande og sikkert språk, med karakterar som får eige liv og som raskt tar grep om lesaren.
Novellesamlinga fekk svært mange og positive meldingar. Brynjulf Jung Tjønn i VG omtalte novellene som «superaktuelle og skakande». «I Therese Tungens glimrende debut følger vi folk i ekstreme livssituasjoner. … Tankene i hjerner der det kognitive truer med å svikte, er skrevet med et språk så friksjonsfritt og levende at jeg føler at det er mine egne tanker jeg leser.», skrev Bjørn Hatterud i Hamar Arbeiderblad.
Disse novellene er et velkomment, voksent og stilsikkert bidrag til norsk novellekunst. Et par av dem er på høyde med våre aller beste.
– Janneken Øverland, Klassekampen
Ein gong var dei ulvar er óg nominert til Ungdommens kritikerpris 2017.
Therese Tungen (født i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør for dokumentarlitteratur i Samlaget, og har vore litteraturanmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule.