Foto: Niklas Lello


Lars Ove Seljestad


Lars Ove Seljestad (f. 1961) er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen "Blind" (2005) som sette omgrepet "klassereise" på dagsorden i den norske offentligheita. Sidan har dei skjønnlitterære verka gått heilt originale vegar, først med "Frægd" (2008) og så med "Fjorden" (2011). Den første av dei to skreiv inn ei saga- og rallarhistorie i ei forteljing om oppvekst på ein vestnorsk gard, den andre er ein sjølvgranskande far-son-tilhøvet-roman som handlar om at barnet er far til mannen. "Isberg" (2012) er ei samanveving av ei poetisk og fryktinngytande naturkrafts stemme og ein prosatekst om ein ung manns tap og fall. Boka var nominert til Ungdommens kritikerpris. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med "Storspring. Eit fabrikkdikt" som fikk lysande meldingar. Med "Kjære bror" (2014) var Seljestad tilbake i romansjangeren noko han også gjorde med "Ta hand om deg" (2017). "Snøen stryk ut alle spor" (2019) er den tredje romanen på rad som favnar djupt i tette familieband, i eit heilt uvanleg kjenslevart portrett av ein tolv år gamal gut og hans tilhøve til mor, far og lillebror.

Bøker av Lars Ove Seljestad

  • Ta hand om deg

    Lars Ove Seljestad

    Om vennskapet med Jan Roar Leikvoll

  • Ta hand om deg - ebok

    Lars Ove Seljestad

    Ta hand om deg er ein liten roman. Og ein stor tekst om dei viktige tinga. Vi møter ein romanforfattar som strevar med liv og...

  • Kjære bror - ebok

    Lars Ove Seljestad

    Kva var det eigentleg som skjedde då Arne vart borte på tjueårsdagen? Kva var det faren eigentleg meinte med det han sa til sonen?...

  • Storspring - ebok

    Fabrikkdikt

    Lars Ove Seljestad

    Lars Ove Seljestad har eit betydeleg prosaforfattarskap som starta med romanen "Blind" i 2005. "Storspring. Fabrikkdikt" er hans debut som lyrikar....

  • Isberg - ebok

    Lars Ove Seljestad

    Eit veldig snøras knuser eit grønt hus. Ekteparet som ligg og søv i huset, dør i ulykka. I kjellaren ligg ein ung gut. Innestengt...

  • Fjorden - ebok

    Lars Ove Seljestad

    "Fjorden" er ein roman om dei store spørsmåla; om det alt for korte livet, om døden, om alle tings forgjengelegdom. Den handlar om å...

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x