Handlekurv


Hermann Starheimsæter


Fødd i Lærdal i 1950. Variert yrkesbakgrunn, lærar, gartnar, journalist. Debuterte i 1980 med diktsamlinga "Lungeblæretre" som fekk fine kritikkar. Sidan har han gjeve ut ti bøker til i dei fleste genrar: novellesamling, romanar, barnebøker. I mange år dreiv han eit konsekvent vekselbruk mellom poesi og prosa. Gjennombrotet kom med romanen "Han gjorde det" i 1990. For den boka fekk Hermann Starheimsæter tre litterære prisar, m.a. Mads Wiel Nygaards legat og Melsomprisen. Boka gjekk òg som opplesingsserie i radio. Fleire kritikarar meinte at ein ny stor romanforfattar hadde sett dagens lys. Den tospråklege diktsamlinga "Steinskuggar/Stoneshadows", som vart skriven til svart/kvitt-foto av Jens Hauge og omsett av Robin Fulton, kom året etter. Fleire aviser heldt den som ei av årets viktigaste. Både hjå lyrikaren og prosaisten Starheimsæter er det sansekvalitetane og språkarbeidet kritikarane fyrst og fremst har merka seg. Dei framhevar hans evne til å skapa atmosfære og intensitet. I Øystein Rottems litteraturhistorie vert han kalla "... de vare, mimoseaktige sinnsstemningenes dikter". Andre kritikarar dreg fram hans evne til å skildra born og landskap. Den siste diktsamlinga til Hermann Starheimsæter, "Rom bak rom bak", kom i 1995. Etter den tid har han gjeve ut to barnebøker og to romanar. Også i dei tidlege romanane til forfattaren er psykiske grensetilstandar ein viktig del av den episke motoren. Frå siste halvdel av 1990-talet har dette vorte meir reindyrka. "Som om eg ikkje hugsar" frå 1997 skildrar eit mentalt samanbrot, korleis det påverkar sansingar og minne. I sin fyrste bokmålsroman, "Nordvegen" (2003), utforskar han samanhangen mellom språk og galskap. Denne omfangsrike romanen er fyrste band i ein serie der temaet galskap vert belyst frå ulike sider. Neste roman i serien, "Nattbussen", kjem ut hausten 2007. Forfatterfoto: Geir M. Brungot

Fant ingen produkter.

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x