Halldis Moren Vesaas

Foto: Morten Krogvold


Halldis Moren Vesaas


Halldis Moren Vesaas (1907-1995) voks opp i Trysil og debuterte 22 år gammal med diktsamlinga "Harpe og dolk". Ho og ektemannen, forfattaren Tarjei Vesaas, busette seg i Vinje i Telemark, og dei reiste mykje, i Norden og Europa for øvrig, og knytte verdfulle kontaktar med andre diktarar slik at heimen deira, Midtbø, vart litt av eit nordisk kultursentrum. Halldis Moren Vesaas kom med tre diktbøker før krigen, men dei mest kjende dikta står i samlingane "Tung tids tale" (1945), "Treet" (1947) og "I ein annan skog" (1955). Ho har òg gitt ut mange andre slags bøker - barnebøker, ein roman, noveller i "Så nært deg" (1987), og dessutan biografiske bøker om Sven Moren og Tarjei Vesaas, artiklar og essays og diktantologien "Vandre med vers" (1990). Mykje av si arbeidskraft brukte ho på gjendikting av klassisk drama, av Racine og Molière, av Shakespeare og Brecht. I det siste leveåret sitt gjorde ho ferdig manuskriptet til den siste diktsamlinga, "Livshus" (1995), ein av dei største suksessane nokon lyrikar har oppnådd her i landet.

Bøker av Halldis Moren Vesaas

  • Dikt i samling - ebok

    Halldis Moren Vesaas

    Halldis Moren Vesaas (1907-1995) er blant våre kjæraste og mest kjende lyrikarar. Ho voks opp i Trysil og debuterte 22 år gammal med diktsamlinga ...

  • Dikt i samling

    Halldis Moren Vesaas

    Ei vakker gåvebok med dikt, utvalt av Halldis Moren Vesaas sjølv

  • I Midtbøs bakkar

    Halldis Moren Vesaas

    I bøkene "I Midtbøs bakkar" (1974) og "Båten om dagen" (1976), som her er samla i eitt band, fortel Halldis Moren Vesaas om samlivet...

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x