Ystaas, Torunn

Siste utgivelse:
Fedrane

Torunn Ystaas er forfattar og sceneinstruktør. Ho debuterte som forfattar i 1977 med boka "Mannsroller og kvinnesyn hjå Agnar Mykle", og som dramatikar og regissør i 1979 med "Ut med deg, skitne Madam - Amalie Skram sett gjennom hennes brev" (utkom som bok i 1981). Barneboka "Når eg kan gå" skreiv ho i 1981, ho handlar om ei jente med celebral parese.
I 1993 utkom romanen "Krossring", og same året sette Ystaas opp kyrkjespelet "Så tok Han eit barn og sette midt mellom dei" i Kampen kyrkje i Oslo. Stykket "Liv Engebretsdotter. Soga om Fange-liv", vart oppført i Hallingdal teaterverksted i 1992 (utkom som bok i 1994). Det musikdramatiske kyrkjedramaet "Kveikjaren" vart urframført i Voss kyrkje våren 2000. Fyrste del av den historiske romantrilogien "Fedrane" har undertittel "Begeret" og utkom i 1996. "Børa. Fedrane 2" kom i 1998, og "Blånane" (2000) er siste del i denne romansyklusen.

Bøker av Ystaas, Torunn
- Fedrane
Romantrilogien "Fedrane" er ei sterkt visuell forteljing frå Graven Præstegjeld i Hardanger midt på 1800-talet. Dei historiske fakta gjennomstrøymer h...